Bli med på ei historisk rute som har ført generasjonar av fotturistar, hyttefolk og fastbuande, inn og ut av eit unikt veglaust samfunn. Fjellvåken, i fleire utgåver har gått trufast i rute i over 130 år. Katamaranen, som Fjellvåken er, fossar dei 4 mila forbi fjellgardar i eit fantastisk landskap.Vassvegen er hovudvegen for dei som bur fast langs Møsvatn. Islegginga og smeltinga, gjer ein isolert i nokre veker vår og haust. Møsvatn på 918 MOH, er soleis ei unik oppleving ein aldri gløymer.Båten landar og bli liggjande ved Liseth, så lenge at ein har god tid til å gå Kvennavegen og eller ein tur opp til Argefoss, som eigentleg er starten på industrieventyret.Det er og eit fantastisk utgangspunkt for dags-, fiske- og telt turar, og ein naturleg starten på ein lengre fottur på Hardangervidda. På båten er det enkel servering. Om turen Høgfjellscruise på Møsvatn Turen startar på Skinnarbu kl 09:30. På båten møter du velkvalifiserte og hyggeleg mannskap. Kapteinen syter for at du får ein
trygg seilas. Matrosen syter for at du får ei unik oppleving. Vel framme blir du møtt av vertskapet på Mogen Turisthytte som på ein venlege måte syter for at de finn hytta. Det blir høve til å vandre på ein opparbeidd sti langs Kvenna, før Fjellvåken II er klar for avgang kl. 15:30. Praktisk informasjon Ved allergier eller lignende er det viktig å gi beskjed i god tid før turen. Ta kontakt med Mogen turisthytte direkte på epost: mogen@dnt.no med referanse til seilingsdato og billettnummer eller navn. Kaffe og vaflar smakar ekstra godt på heimturen.Opplev den vakre naturen ved Hardangervidda, medan du blir fortalt historier om de veglause gardene rundt Møsvatn.
Praktisk informasjon:
Eit samarbeid med Nasjonalparksenteret, gjer at passasjerar på Fjellvåken får 20% rabatt på inngangsbilletten til Nasjonalparksenteret, som i år
lanserar ein VR-oppleving der ein er inne på Hardangervidda, midt i reinsflokken!
Telefon: +47 907 50 250
E-post: info@fjellvaaken.no